Kommuneøkonomi

Fortvilande: Biblioteksjef Elin Anita Olsrud og plasstillitsvald for Bibliotekarforbundet Anne Schulze i Kragerø er blant dei som denne hausten har måtta hanskast med kraftige kutt i bibliotekøkonomien.

Stor merksemd rundt pågåande bibliotekkutt

Vitnesbyrda om dei mange og store kutta i folkebibliotek som vi har sett over heile landet denne hausten har no for alvor nådd dagsavisene.  

Publisert Sist oppdatert

Dagsavisen, NTB og Nynorsk pressekontor er nokre av dei som i dag siterer Klassekampen si sak om korleis den krevjande kommuneøkonomi fører til kutt ved fleire norske folkebibliotek. Som Bok & bibliotek omtalte for to veker sidan er det varsla eller foreslått kutt i bibliotektilbodet i over 30 kommunar.

- Vi har nådd eit brestepunkt, seier Ola Eiksund, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet (BF) til Klassekampen. 

Har pågått i tiår

Den siste månaden har BF teke imot varsel om dramatiske kutt frå rundt 40 tillitsvalde og distriktslag i heile landet. Årsaka er den vanskelege økonomiske situasjonen i Kommune-Noreg.

- Sidan 2005 har kjøpekrafta til biblioteka vorte redusert med 25 prosent. Svært mange bibliotek har måtta kutte i budsjetta sine over fleire år, seier Eiksund.

Fram til no har dei fleste bibliotek kutta i såkalla «frie postar», men for å møte ytterlegare innsparingsbehov må dei no også kutte i bemanninga, fortel Eiksund.

Gjeld heile landet

Ei oversikt Klassekampen har fått frå BF viser at det er varsla eller foreslått kutt i bibliotektilbodet i over 30 kommunar.

  • Stormen bibliotek i Bodø har mista fire stillingar på eit halvt år. I juni stengde biblioteket dørene på søndagar. 
  • Som Bok & bibliotek har meldt før er Kragerø bibliotek foreslått å mista 1,7 millioner kroner, noko som vil innebera 52 prosent reduksjon i bemanninga.
  • Moss kommune gjennomfører eit kutt på 2,5 millioner på i bibliotekdrifta. Resultatet er redusert tilbod på både Moss og Rygge bibliotek.
  • I Bærum blei lokalbiblioteka på Eiksmarka og Høvik tidlegare i haust redda frå nedlegging, men kommunen skal likevel kutta 5,1 millionar i bibliotektilbodet i 2025.
  • Nes bibliotek må kutta eit årsverk i 2025.

– Respektlaust overfor tilsette

Klassekampen omtalar også Bødø kommune sitt foreslag om at Stormen bibliotek kan drivast av frivillige på søndagar.

Hovudtilligsvald for Bibliotekarforbundet i Bodø Elin Fostvedt kallar forslaget umoralsk. I eit lesarbrev i Avisa Nordland førre veke peikte Fostvedt på at eit ubetent bibliotek i hovudsak gagnar ressurssterke brukarar. 

Fostvedt får støtte frå leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening, som kallar utviklinga alarmerande og skremande.

– Det eg synest er skummelt, er kunnskapsløysa lokalpolitikarar utviser i forslaga som kjem. At dei ser for seg at biblioteka kan drivast av frivilligheit, er respektlaust overfor bibliotektilsette og brukarar, seier ho til Klassekampen. 

Tillitsvalde, bibliotektilsette og bibliotekvener over heile landet har også skrive ei mengd debattinnlegg og kronikkar om tematikken gjennom hausten. 

Powered by Labrador CMS